F. William Engdahl: Etter Covid går Davos for The Great Reset - den store nullstillinga. Covid-19 er bare forspillet

Fra Derimot.no.
Les hele artikkelen her.

Utdrag:
POSTED IN VIRKELIGHETSFORSTÅELSE, ØKONOMI.

Den store nullstillinga: Covid-19 er bare forspillet.

Det blir verre!

12 AUGUST 2021.

8.

.

Etter COVID går Davos for Great Reset – den store nullstillinga.

av F. William Engdahl.

.

"Med Biden i presidentsetet i USA har Washington atter slutta seg til Paris-avtalens Globale oppvarming-agenda. Når Kina no lovar å imøtekome dei strenge CO2-utsleppsstandardane innan 2060, er Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF) klar for å avsløre det som skal omforme måten vi alle lever på gjennom det som WEF-sjefen Klaus Schwab kallar ‘the Great Reset’ – den store nullstillinga. Og éin ting er sikker: Alt dette passar inn i ein agenda som har vore planlagd i fleire tiår av gamle, rike familiar som Rockefeller og Rothschild. Brzezinski kalla det slutten på dei suverene nasjonalstatane. David Rockefeller kalla det «verdsregjering». George H. W. Bush kalla det i 1990 for Den nye verdsordenen (New World Order, NWO). No kan vi betre sjå kva dei planlegg å påføre oss dersom vi lar dei gjere det.

Verdsøkonomisk forum si store nullstilling er introduksjonen av ein ny type global, total kontroll for det 21. hundreåret. «Vi har berre éin planet, og vi veit at klimaendringar kan bli den neste globale katastrofa, med endå større dramatiske konsekvensar for menneskeslekta. Vi lyt dekarbonisere økonomien i det korte vindauget som framleis finst og atter bringe tenkinga og åtferda vår inn i harmoni med naturen,» erklærte WEF-grunnleggaren Schwab om agendaen i januar 2021. Førre gongen desse aktørane gjorde noko som i det heile tatt likna, var i 1939, på kvelden før Andre verdskrig braka laus.

Studiar på krig og fred

Isaiah Bowman

På den tida finansierte Rockefeller Foundation ei topphemmeleg strategigruppe som det New York-baserte Council on Foreign Relations (CFR) organiserte. Den var kjend som War and Peace Studies (Krig og fred-studiar) og leia av ‘America’s Haushofer’, geografen Isaiah Bowman frå Johns Hopkins University. Før tyske panserstridsvogner rulla inn i Polen, hadde dei planlagt ei etterkrigsverd der USA skulle stå fram som einaste sigersherre og ta over for britane som global hegemonisk makt.

Danninga av eit USA-dominert FN og Bretton Woods-pengesystemet som var basert på dollaren, var del av prosjektet deira. I 1941, då USA formelt gjekk inn i krigen, sende CFR-gruppa eit memo til utanriksdepartementet i USA: «Dersom ein uttrykker krigsmål som ser ut som dei berre tar omsyn til anglo-amerikansk imperialisme, vil dei tilby lite til folk i resten av verda. Interessene til andre folk bør understrekast. Dét ville ha ein betre propagandaeffekt.»

Dette suksessfulle prosjektet har danna rammene rundt det Henry Luce i 1941 kalla for Det amerikanske hundreåret, og varte til heilt nyleg.

« Council for Inclusive Capitalism with the Vatican »

No går desse same familiane – igjen inkludert Rockefeller Foundation og Rothschild’ane, representert av Lynn de Rothschild sitt « Council for Inclusive Capitalism with the Vatican » (råd for inklusiv kapitalisme med Vatikanet) – til verks med neste steg i jakta på global dominans. Det har fått namnet ‘the Great Reset’. Det krev global styring, noko jesuitten pave Frans kunne gå god for. Dets PR-mann, Klaus Schwab, har vore protesjé for Rockefeller-insideren Henry Kissinger, frå deira dagar på Harvard for 50 år sidan.

‘Build Back Better’

I mai,2020, då koronaviruset hadde forårsaka globale panikk-nedstengingar ( lockdowns ) som langt overgjekk det opprinnelege utbrotet i Wuhan, avduka britanes kronprins Charles, saman med grunnleggaren av Verdsøkonomisk forum, Klaus Schwab, det dei lystig kalla Den store nullstillinga. I aukande grad brukar verdas politiske leiarar og forretningsleiarar omgrep som «Den store nullstillinga», «Den fjerde industrielle revolusjonen» og « Build Back Better » («bygg tilbake betre»), som er Biden-administrasjonen si føretrekte formulering. Dei er alle forankra i det same settet med dramatiske globale endringar. USAs Green New Deal og EUs European Green Deal er begge ein del av det.

Skal folk godta det som planlegges må det sette fine navn på det. “En må sette sløyfe på grisen”.

Det faktumet om Nullstillingsagendaen som er mest slåande, er at den blir fremja av dei same giga-rike plutokrat-familiane som har ansvaret for manglane ved den verdsøkonomiske modellen vi no har. Dei, ikkje vi, har skapt ruin for økologiske marker og natur med sin Roundup-glyfosat og sine giftige desinfeksjonsmiddel. Dei har øydelagt luftkvaliteten i byane våre med transportmodellane dei har tvinga på oss. Dei skapte modellen «den frie marknaden» for globalisering som har ruinert det industrielle grunnlaget til USA og dei industrielle EU-nasjonane. No, medan dei gir oss skulda for eit påstått katastrofalt utslepp av CO2, blir vi omskulerte til å akseptere skuld og bli straffa slik at vi kan «redde dei komande generasjonane» for Greta og vener.

Den fjerde industrielle revolusjonen

Bak den forførande retorikken til Maktene om å skape ei «berekraftig» verd, ligg ein agenda av rå eugenikk (arvehygiene, mrk.), avfolking i ein skala som aldri før har vore utprøvd. Det er ikkje humant; faktisk blir det av somme kalla «transhumant».

I 2016 skreiv WEF-sjef Schwab ei bok med tittelen Shaping the Future of The Fourth Industrial Revolution . Der skildrar han dei teknologiske endringane som kjem med den fjerde industrielle revolusjonen, som inkluderer 5G-smarttelefonar, Internet of Things (tinga sitt internett, det at vanlege, kvardagslege ting som omgir oss er kopla til internett og kan sende og motta kommandoar via nettet, mrk.) og artifisiell intelligens (AI, også kalla ‘kunstig intelligens, KI, mrk.), som koplar alt til alt slik at det kan ta dei mest banale avgjerder for oss, slike som å kjøpe meir mjølk eller skru ned omnen. Samtidig blir data sentraliserte i private korporasjonar som Google eller Facebook, så kvart andetak vi drar kan overvakast.

Schwab skildrar korleis den nye generasjonen av teknologi, allereie utrulla av Google, Huawei, Facebook og tallaust med andre, vil la styresmaktene «trenge seg inn i dei hittil private sfærane av sinna våre, lese tankane våre og påverke åtferda vår … Teknologiar av Den fjerde revolusjonen vil ikkje slutte å vere ein del av den fysiske verda rundt oss – dei vil bli ein del av oss,» seier Schwab. «Dagens eksterne utstyr – frå berbare datamakiner til headsets for virtual reality (VR, nesten verkelegheit, liksom interaktiv 3D-film, mrk.) – vil høgst sannsynleg bli implantert i kroppane og hjernane våre.

Disse skal plasseres under huden vår.

Swhwab legg til: «Det den fjerde industrielle revolusjonen vil føre til, er ein fusjon (samansmelting, red.) mellom vår fysiske, digitale og biologiske identitet.» Blant desse fusjonsteknologiane er «aktive implanterbare mikrochips [elektroniske kretsar på små brikker med inngangar og utgangar til styring av elektriske signal, mrk.] som bryt hudbarrieren på kroppane våre,» forklarer Schwab. Slikt «implanterbart utstyr vil sannsynlegvis også hjelpe til med å kommunisere tankar som normalt blir uttrykte verbalt, via ein ‘innebygd’ smarttelefon, og potensielt uuttrykte tankar eller stemningar ved hjelp av avlesning av hjernebølger og andre signal.» Eg veit ikkje korleis det er med deg , men eg ivrar ikkje etter at staten eller Google skal lese hjernebølgene mine.

Kontroll over maten vår

Eit forvirrande aspekt for mange, er den overfloden av frontgrupper, frivillige organisasjonar ( Non-Governmental Organizations , NGOs, mrk.) og program som alle fører til same målet: den drastiske kontrollen over kvart einaste medlem av samfunnet i namnet til «berekraft» – FN-agenda 2030. Ingen annan stad er det meir illevarslande enn i planane deira for mat-framtida vår. Etter å ha skapt det systemet vi no har med globalisert industriell agrikultur (jorddyrking, mrk.), agribusiness, eit prosjekt som vart starta på 1950-talet av Rockefeller Foundation, så talar dei same sirklane no varmt for den «berekraftige» agrikulturen som vil medføre eit skifte til genmanipulert falsk mat, laboratoriekonstruert syntetisk kjøt og slikt som til og med inkluderer makk og ugras som nye matkjelder.

Slik fremstiller de seg selv. Det ser uskyldig og appetittelig ut.

WEFs Schwab har gått i partnarskap med noko dei kallar EAT Forum, som skildrar seg sjølv som eit «Davos for food» som planlegg å «fastsette den politiske agendaen». EAT vart danna i Sverige i 2016 med støtte frå det britiske Wellcome Trust (etablert med midlar frå GlaxoSmithKline), og det tyske Potsdam Institut für Klimafolgenforschung. Laboratoriedyrka syntetisk, genredigert kjøt får støtte av mellom andre Bill Gates, den same som støttar Moderna og andre genredigerte vaksinar. EAT samarbeider blant andre med Impossible Foods og andre bioteknologiske selskap. Impossible Foods vart opprinneleg medfinansiert av Google, Jeff Bezos og Bill Gates. Nye lab-resultat har vist at selskapet sitt imitasjonskjøt inneheldt giftige glyfosatnivå – 11 gongar høgare enn den næraste konkurrentens.

I 2017 lanserte EAT FReSH (Food Reform for Sustainability and Health, matreform for berekraft og helse) med ryggdekning frå Bayer – ein av verdas største produsentar av giftige desinfeksjonsmiddel og genmodifiserte organismar (GMO) som no eig Monsanto – , den kinesisk-eigde GMO- og desinfeksjonsmiddelgiganten Syngenta, Cargill, Unilever, DuPont og sjølv Google. Dette er den planlagde mat-framtida under Den store nullstillinga. Gløym den tradisjonelle familiebonden.

Disse skal vekk.

I si 2020-bok om Den store nullstillinga argumenterer Schwab med at bioteknologi og genetisk modifisert mat bør bli sentrale pillarar i matmangelsaker, saker som COVID har skjerpa. Han pushar GMO og særleg den kontroversielle genredigeringa. Han skriv: «global mattryggleik kan berre skaffast til vege dersom ein godkjenner regulasjonar for genetisk modifisert mat som reflekterer den realiteten at genredigering er ein presis, effektiv og trygg metode for å betre avlingar.» Gates, mangeårig prosjektpartnar med Schwab, har argumentert for det same.

EAT har utvikla noko dei kallar «den planetariske helsedietten», som WEF hyllar som «den berekraftige diettløysinga for framtida». Men i følge Federic Leroy, professor i matvitskap og bioteknologi ved univeritetet i Brussel: «Dietten si målsetning er å kutte verdas inntak av kjøt og mjølkeprodukt med så mykje som 90% i nokre tilfelle, og erstatte det med laboratorieskapt mat, frukostblanding og olje.»

Dette er berre litt av det dei førebur under dekke av COVID-19-nedstengingar og økonomisk kollaps, og 2021 vil bli eit avgjerande år for denne anti-humane agendaen. Introduksjonen av AI, robotar og andre digitale teknologiar vil gjere Maktene i stand til å vrake hundretals millionar arbeidsplassar. Tvert imot propagandaen deira, vil det ikkje bli nok nye jobbar. Vi vil bli meir og meir «overflødige». Alt dette verkar altfor surrealistisk før du sjølv les det i deira eigne skildringar. Det faktum at klikken av dei korporasjonane og milliardærane i verda med størst påverknadskraft sit i styret til WEF, med sjefar hos verdas største finansgigantar, inkludert Blackrock, BlackStone, Christine Lagarde i Den europeiske sentralbanken, David Rubenstein i Carlyle group, Jack Ma, den rikaste milliardæren i Kina, er bevis godt nok for at denne Store nullstillinga ikkje blir gjort med våre hjarte-interesser, trass dei silkeglatte orda deira. Denne dystopiske agendaen er 1984 på steroidar. COVID-19 var berre forspelet".