Kvifor eg dessverre stemde Rødt i 2017 (for å unngå dagens situasjon)

Under eit innlegg eg skreiv før stortingsvalget i 2017. Innlegget uttrykker ei pragmatisk støtte til politiske krefter negative til NATO, og er ikkje ei støtteerklæring til Rødt. For 5 år siden var eg litt meir naiv, og trudde det kanskje var mogleg å samarbeide med venstreradikale (sjølv er eg sentrist). I dag er eg desillusjonert, og skjønnar no 1) at NATO-motstand hos mange venstreradikale ikkje kjem frå eit ønske om å reflektere norske interesser, men kjem frå sentimentale haldningar til Sovjet/kommunisme, og 2) at venstreradikale som regel er ideologisk besatte, som gjer at dei ikkje høyrer kva du seier om du so grunngjer, klargjer, utdjupar og forenklar bodskapet ditt aldri so mykje (eit godt døme er venstreradikale sin motstand mot ei vilkårslaus grunninntekt - ei enkel løysing som gjev kvart einskild individ i samfunnet økonomisk og moralsk frihet, men som samtidig undergrev behovet for venstreradikal ideologi og venstreradikale byråkratar). Uansett synest eg innlegget var interessant å hente fram igjen med tanke på den russiske invasjonen av Ukraina.

Kvifor eg dessverre stemmer Rødt i Stortingsvalget 2017.

I 1991 kollapsa eit økonomisk utmagra Sovjetunionen etter eit langvarig våpenkappløp med Vesten. Her var det kanskje tid for å revurdere vår anti-kommunistiske forsvarsallianse NATO, men i staden skjedde det naturlige: Vesten bevegde seg austover i vakuumet av Sovjet, både økonomisk og militært.

Vi spolar fram til i dag. “Forsvarspakta” NATO har vorte ein intervensjonsstyrke for det amerikansk-sionistiske imperiet. Petroleum, metallar, røyrleidningar, våpensalg og sjølve petrodollaren står på spel. Gaddafi’s Libya - for kort tid sidan det mest velståande av afrikanske land - ligg delvis i ruinar etter NATO’s humanitære bombing, og er no herja av islamistiske grupperingar.

Men å øydelegge Libya var i seg sjølv ikkje ein trugsel mot verdensfreden. Det er derimot den svært valdelege konflikta i Syria. Dette er dels ei oppblussing av den evige borgarkrig i den muslimske verda, og også ei kniving mellom Russland/Iran og det amerikansk-sionistiske imperiet.

For øvrig er Syria ein suveren stat der Russland og Iran opererer legitimt. Det samme kan ikkje seiast om Saudi-Arabia og Tyrkia (med fleire) som har gitt massiv støtte til islamistar. USA har heller ingen legitim rett til å bevege seg på syrisk jord, eller til å drive støttebombing for islamistar som dei vekslar på å definere som “moderate” og “ekstreme”.

Og når norske journalistar presenterer klipp-og-lim journalistikk frå korporative anglo-amerikanske nyhetsmedia, so vert det frå dette perspektivet ingen betydeleg reaksjon mot norsk deltaking i ein skadeleg sanksjon mot Syria, eller mot trening av regjerings-fiendtlege styrkar. Gløym at Alawite-regimet, sett i forhold til alternativet, har brei støtte blant det syriske folk, inkludert blant dei syriske kristne (brorparten utvandra eller drepne). Erkjennelsen om at Norge gjer urett er langt vekke.

Éin ting må vi likevel ta til oss - både Russland og Kina er stormakter med atomvåpen. Den kubanske missilkrisa i 1962 viste oss korleis internasjonale konflikter kan eskalere til brinken av dommedag. Ogso - i 1995 tolka russiske radarkontrollørar ein forskingsrakett frå norske Andøya som å være ein amerikansk atomrakett, og atomkofferten blei overlevert Boris Jeltsin i nokre skjebnesvangre minutt - reine tilfeldigheter kan få katastrofale følger i ei spent konflikt.

Ein krig med Nord-Korea, eller ein lokal atomkrig mellom India og Pakistan vil føre til enorm øydelegging og lidelse. Men ein atomkrig mellom NATO og Russland/Kina vil øydelegge verda. Eg på mi side meiner dette er verdt å bruke litt innsats på å prøve unngå, etter eitt milliard års evolusjon av multi-cellulære organismar på jorda.

Så kva med partiet Rødt? Vel, eg har fleire høner å plukke med dei. Eg har lite sans for Marx’ “overtaking av alle produksjonsmiddel”, som ikkje ser ut til å fungere so bra i praksis. Og eg skuslar over den fråværande bekymring for å importere den muhammedanske sjela til Vest-Europa; eg skuslar over dei gjengse ideologiske skylappar for at denne “gruppa” er sterkt overrepresentert i statistikk for valdskriminalitet som overgrepsvaldtekter.

Samtidig må det innrømmast at straumen av reelle og økonomiske flyktningar til Europa ville vore liten utan militær intervensjon i Afghanistan, Irak og Libya, og utan EU (sin frie flyt av mennesker), som Rødt er prinsippielt imot. Og enda viktigare - Rødt er det einaste norske parti som er imot NATO. (Eitt anna parti - SV - er også motstandar i ordet, men støtta NATO’s bombing av Libya, som gir dei lite truverdighet.)

For nøkkelen til verdsfred er NATO - dvs. utan! Vedrørande Norge, so er det NATO som representerer vestleg krigshissing og intervensjon - og pressmiddel. Og kun Rødt vil ut av denne dynamikken.
Tenk på det slik: Du puttar alt av militærmakt i verda i nokre få organisasjonar og lar desse verte indirekte styrde (t.d. amerikansk korporativisme) av eigeninteressa til nokre få personar, deriblant eigarane av våpenindustrien som treng konflikt og krig for å halde produksjonen oppe. Kan det gå gale?

Naturen er eit mønster. Fysikkens lover følg ikkje ønsketenking og fine ord. Norge er for små til å gjere endringar internt i NATO (utover å bidra med ein karrierepolitikar). Men vi kan sleppe litt luft ut av ballongen. Om Norge skulle trekke seg ut av NATO i protest mot militære intervensjonar i brot på ikkje-aggressjonsprinsippet, so ville det vore ein liten verdenssensasjon.

Det kan vidare minnast om at Sverige og Finland ikkje er medlemmar i NATO. Då er ikkje det militære alternativet langt unna - Danmark, Island, Norge, Sverige og Finland har i fleire år drive eit nordisk forsvarssamarbeid, under den noverande paraplyen NORDEFCO. Dette kan bli byggesteinen i ei nordisk forsvarspakt…det vil seie…i det tilfelle Norden og det norske folk skulle bevisstgjere seg sjølve om at vi heller vil handle varer med Russland, enn å ruste opp, provosere, og eventuelt krige.

Kjem Norge til å trekke seg ut av NATO fordi om eg stemmer Rødt? Tja. Ein kan sjå røynda som eit sjansespel. Om å stemme Rødt i protest - og skape litt blest om det - aukar sjansen for at Norge trekk seg ut av NATO, so er det verdt ei stemme. Om kolossen NATO forlet Norden so vestleg makt blir desentralisert og Norden kan bli ei “nøytral sone”, so er dette verdt å kjempe for.

Derfor stemmer eg Rødt i 2017; og oppfordrar andre velgarar og parti til å reflektere over Norge si betydning for omverda, og kva eit medlemskap i NATO inneber.