✍ Om forsiktighet og eksperimentering på ungar

Jeg sendte avgårde dette innlegget til lokalavisa, og så får vi se om de trykker. (Avisa trykket ikke i første utgave etter innsending, så jeg redigerte teksten litt og oppdaterer den her.)


Bør ein gje koronavaksine til ungar på 12-15 år? I sommar fekk FHI (Folkehelseinstituttet) i oppdrag å vurdere dette, og i sitt nylege svar tilrår dei å tilby éi dose med BioNTech’s RNA-vaksine Comirnaty. FHI skriv i tillegg: “Det er også et alternativ å utsette en avgjørelse om å anbefale vaksinasjon av denne gruppen til det foreligger mer kunnskap.” Regjeringa ignorerte dette alternativet, og ignorerer dermed ukjente biverknadar av RNA-vaksina.

Tilbake i 2009 var det vaksinering mot svineinfluensa som sto på agendaen. Steinar Madsen, dåværande avdelingsoverlege i Statens Legemiddelverk, vart spurd av NRK om korleis ein kunne vite at vaksina mot svineinfluensa ikkje er farleg. Madsen svara: “Vi har allerede nå fått en veldig erfaring med denne vaksinen - den har blitt gitt til millioner av mennesker i mange land, og vi har ingen uventede bivirkninger.” Men i etterkant hadde vaksinerte barn betydeleg auka sjanse for å utvikle narkolepsi - ein alvorleg, nevrologisk sjukdom som for dei fleste pasientar krev livsvarig medisinering. Heile 102 nordmenn, som var barn under 18 år når dei fekk vaksinen, har fått erstatning for skadar, og ekspertar meiner mørketala kan være store. Madsen i Legemiddelverket har sidan kommentert at “det ville vært helt urealistisk å oppdage denne bivirkningen på forhånd”.

I 2021 handlar det om eit forkjølelsesvirus og ei ny og eksperimentell RNA-vaksine. Du har kanskje fått høyre at BioNTech’s Comirnaty er 95% effektiv, men dette talet er misvisande. Talet er henta frå ein rapport av FDA (Food and Drug Administration) i USA, der det er brukt foreløpige data frå “hovedstudien” - ein studie som eigentleg skulle vare til mai 2023. Studien er forresten ikkje uavhengig, men sponsa av BioNTech. I den “avkorta studien” er forsøkspersonane si mediantid etter andre vaksinedose berre 2 månadar. Rapporten opplyser at ingen med påvist Covid-19 døydde, verken i vaksinegruppa eller placebogruppa. Når det gjelder “alvorlege uønska hendingar”, so kom faktisk vaksinegruppa dårlegast ut, med 126 tilfeller mot 111 tilfeller i placebogruppa. Talet 95% reflekterer til sjuande og sist graden av positive PCR-testar. Om ein fokuserer på alvorlege hendingar, so var det 14% meir av det i gruppa som blei injisert med Comirnaty.

Utover den avkorta “hovedstudien”, so manglar det studiar av toksisitet (giftighet). Eit stort problem med RNA-vaksina Comirnaty er at betydelege mengder av både den og frigjorte piggprotein - som vaksina får friske celler til å produsere - ikkje forblir på injeksjonsstaden (i ein muskel i overarmen). Vaksine/piggprotein går ut i blodstraumen, og kan takast opp i dei minste blodårane der blodet flyt sakte. Slik kan det bli vevskader, blødningar og koagulering på ulike stadar i kroppen, som gir seg utslag i nevrologiske skader, blodproppar og hjarteproblem. Vi veit ikkje mykje om toksisiteten til RNA-vaksinene, og vi veit ikkje kva effekt dei har på t.d. fertilitet og autoimmune sjukdomar over tid. Det vi veit er at minst 11 personer under 60 år har døydd av RNA-vaksinene i Norge, og at minst 1.526 nordmenn har fått alvorlege reaksjonar av BioNTech’s Comirnaty.

Med den skrøpelege forskinga rundt desse hastevaksinene godkjent til “nødbruk”, med det høge talet på alvorlege biverknadar, og med uvisse for langsiktige biverknadar, so må det være snakk om å forsvare seg mot ein uhyre farleg pandemi? Eller kva er eigentleg nøda her? Kva veit vi om koronainfeksjon hos barn?

FHI viser til ein nasjonal studie frå England for det fyrste pandemiåret (mars 2020-februar 2021). I England mista omlag 2 per 1 million ungar livet pga. Covid-19, og 76% hadde alvorlege, underliggande sjukdomar. I Norge er det omtrent 250.000 ungar på 12-15 år, og ifølge statistikken frå England, so er det altso sannsynleg at 0,12 “friske ungar” på 12-15 år mistar livet etter eitt år med koronapandemi. Sagt på ein betre måte, so var det 88% sannsynleg at absolutt alle friske ungar på 12-15 år overlevde første koronaåret, og FHI opplyser at “det er så langt ikke data som tilsier at Delta-varianten gir mer alvorlig sykdom hos barn og unge”.

Og kva med alvorlege plager? FHI opplyser at aldergruppa 12-15 år har lavast risiko for å bli lagt inn på sjukehus når dei er smitta. Kun 3 ungdommar i denne alderen i Norge har behøvd intensivbehandling (etter halvtanna år med korona). 7 har hatt MIS-C, ein betennelsestilstand som kan oppstå 2-6 veker etter infeksjon. FHI nemner ogso tre studier som inkluderte kontrollgrupper, og skriv “studiene viste at de aller fleste symptomer etter infeksjon forsvinner i løpet av 4-12 uker, at både gruppen som hadde gjennomgått infeksjon og kontrollgruppen opplevde like god helse, og at det også i kontrollgruppen kunne være plagsomme symptomer som vedvarte over tid”.

Tanken bak tradisjonelle vaksiner er god - ein introduserer immunforsvaret for eit inaktivt virus slik at det utviklar immunitet mot ogso aktive versjonar av viruset. Men her er det snakk om ei heilt anna type vaksine; ei vaksine som med overlegg får friske celler til å produsere skadelege piggprotein for å framkalle ein immunreaksjon. Og det er stor uvisse om konsekvensane av denne hasardiøse metoda.

FHI og regjeringa gjer den klassiske feilen å ikkje vektlegge det ukjente. FHI har vurdert empiriske data om koronainfeksjon og datamodellar om smittespreiing opp i mot enkelte, estimerte konsekvensar av RNA-vaksina. Det er eit ugyldig reknestykke. Når det er snakk om dyrebare ungar og ei ny, eksperimentell vaksine med ukjente biverknadar, so er det all grunn til å være forsiktig. Ifølge forsiktighetsprinsippet skal ein ikkje gjennomføre ein aktivitet når det er risiko knytt til utfallet. Som eit bekymra medmenneske med over gjennomsnittet innsikt i studiar rundt korona, og som onkel til ein 14-åring, so anbefalar eg foreldre til å ikkje spele russisk rulett med ungane sine.

3 Likes

Jeg stoler ikke ett eneste sekund på de tallene som FHI & co opererer med. De hauser opp frykten (“smitte” og “sjuke”) og juger om dødsfall/skader etter the jab. Det er ett jævla sirkus 24/7.

Men, men…ikke noe nytt med det. Ord for dagen - Jon Rappaport:

The government/medical experts are supported by an army of uninformed, brainwashed, ignorant citizens who unthinkingly obey.

Even the Great Reset sociopaths weren’t sure the population would cave in and meekly go along with COVID restrictions. But apparently the huddled masses were in desperate need of earning their right to be proud of SOMETHING, ANYTHING, to justify their existence.

Lock down? Close a business? Go broke? Wear a mask? Keep a distance? Get tested? Take the shot? “We’ll do anything to show our loyalty to a higher cause.”

Soldiers under withering fire from the enemy, soldiers lying on top of their dead comrades in foxholes of mud, bleeding soldiers, soldiers rising up to make one last assault across open exposed land against the enemy’s position—a picture from the past. Now people are waiting for behavioral orders because they’re terrified of an invisible germ. That’s the modern measure of courage.

2 Likes

Kjenner du til dødsfall/skader som ikke ble rapportert her til lands?

FHI’s “Svar på Oppdrag 45 - Om vurdering av koronavaksinasjon av barn 12-15 år” virket på meg som passe grundig og reflektert i sin drøfting. Jeg er kritisk til konklusjonen, og da særlig tre ting:

  • at de bruker datamodeller for smittespredning - hvor de antar at vaksinering er udelt positivt - som et argument for å vaksinere barn (hva med mutanter? hva med generelt og langsiktig immunforsvar?)
  • at de ikke vektlegger ukjente bivirkninger (har de ikke fått med seg at vaksinen/piggproteinet sprer seg i kroppen? hvordan forklarer de bivirkninger andre steder enn i overarmen?)
  • at de legger liten vekt på kjente bivirkninger (FHI skriver at de forventer 15-20 tilfeller av betennelse i hjertemuskel/-pose hos barn på 12-15 år dersom 200.000 vaksinerer seg!)
2 Likes

Tuller du med meg? Verdensveven flommer over av rapporter om juks og jug, død & fordervelse. Tross beinhard sensur, beinhard mobbing/trusler, osv. osv.

Dette var bare noe rask jeg fant i farta her på nisseberget.

3 Likes

Og endnu mere:

:sleepy::cold_sweat:

Det er jo komplet VANVID hvad der foregaar - og, overalt Jo!!