🇳🇴 Eit prinsipielt krav om ei vilkårslaus grunninntekt

[thormothr]
15.07.2021

Til Kongeriket Noreg
v/ Noregs regjering
v/ Arbeids- og sosialdepartementet
v/ NAV


Eit prinsipielt krav om ei vilkårslaus grunninntekt.


Eg ønsker å hevde retten til å motta min brøkdel av verdien frå bruk/uttak av knappe naturressursar i
Noreg - retten til å motta ei vilkårslaus grunninntekt frå grunnrenta.

Ved å hevde min eigen rett til ei vilkårslaus grunninntekt hevdar eg samtidig retten for alle nordmenn
til å motta ei vilkårslaus grunninntekt (som ei minste overføring frå staten).

Eg føreset:

  • at naturen i Noreg tilhøyrer nordmenn i fellesskap.
  • at Kongeriket Noreg er ein organisasjon av og for nordmenn.
  • at Kongeriket Noreg forvaltar eigarskapet av knappe naturressursar på vegne av nordmenn.
  • at nordmenn er likeverdige innanfor den norske stat. - at verdien av knappe naturressursar tilhøyrer kvar nordmann på lik linje.
  • at formålet til Kongeriket Noreg er å reflektere interessene til nordmenn.

Eg påpeiker at organisasjonen Kongeriket Noreg kun har legitimitet om den reelt representerer
eigarskapet og forvaltinga av norske naturressursar på vegne av alle nordmenn. I motsett fall er
Kongeriket Norge ein organisasjon som i praksis eksisterer for at enkelte skal kunne grave til seg
ressursar på bekostning av andre.

Kor kjem statens inntekter frå?
Ein kan dele brorparten av statens inntekter inn i 3 kategoriar:

  • grunnrenta (verdien av bruk/uttak av naturressursar)
  • forbruksskatt (meirverdiavgift, eingongsavgift på bil, osv.)
  • inntektsskatt (skatt på lønningar, gevinst, utbytte)

Eit arbeid er nokon si åtferd, og å skattlegge nokon si positive åtferd* betyr at du eig åtferda deira,
som er slaveri (pluss at du hemmar åtferda). Ein har ikkje ein naturleg rett på verdien av andre si
åtferd, og det er ein djupt umoralsk praksis av staten å hente midlar gjennom inntektsskatt (merk at
dette ikkje gjeld offentlege tilsette, sterkt subsidierte private selskap, eller anna inntekt med opphav i
statlege midlar – når staten hentar inn skatt frå midlar den nettopp har delt ut, so er dette som
triksing med tal å rekne, og ikkje reell skattlegging av arbeid).

Forbruksskatt kan til ein viss grad forsvarast. Det er staten som tilbyr ein marknad der vi trygt og
effektivt kan bytte varer, tenester og idéar. Og forbruket vårt brukar energi og belastar ofte miljøet.

Grunnrenta er den ideelle måten for staten å hente inntekter, fordi ingen har skapt naturen og den
derfor er naturleg å dele. Og gitt at nordmenn er likeverdige innanfor staten so bør kvar nordmann
ha lik rett til verdien av dei knappe ressursane i norsk natur.

*positiv åtferd - åtferd som ikkje har betydelege negative konsekvensar for andre

Kor stor er grunnrenta i Noreg?
I mitt grove estimat er grunnrenta i Noreg verdt i overkant av 1.000 mrd. NOK årleg. Eksportert
petroleum, pluss vasskrafta, er i seinare tid verdt over 700 mrd. NOK årleg (dette er ikkje profitt, so ein
del av summen må nødvendigvis gå til «infrastrukturen» den kjem frå). I tillegg kjem bruk/uttak av
andre ressursar som metallar, fisk og skog, samt avkastning på oljefondet. Det er derfor ikkje
vanskeleg å førestille seg at grunnrenta kan ha ein so høg verdi som 1.080 NOK årleg, som delt på 5,4
mill. norske statsborgarar utgjer 200.000 NOK.

Om ein legg til konservative 300 mrd. NOK frå diverse forbruksskatt (som alle privatpersonar betalar
når dei kjøper varer og tenester, og som reduserer verdien av ei potensiell grunninntekt) so kjem ein
glatt opp i beløpet 240.000 NOK per statsborgar.

Til samanlikning opplyser SSB.no at staten brukte 1.951 mrd. NOK i 2020, som er 360.000 NOK per
statsborgar (pga. overføring til/avkastning på oljefondet, so er statens samla inntekter noko høgare
enn utgiftene). Ein kan derfor sjå at grunnrenta og ymse forbruksskatt – som høvesvis naturleg og
forsvarleg tilhøyrer oss alle – kan utgjere om lag 2/3 av statens inntekter, og i eit prinsipielt krav om ei
vilkårslaus grunninntekt er det desse midlane som må leggast til grunn.

For at grunnrenta skal tilhøyre alle, so må den tilfalle alle.
Vi menneskeapar har ei rekke fysiske og sjelelege behov som varierer frå person til person (subjektive
behov). Eg kan ikkje bestemme kva dine behov er, og du kan ikkje bestemme kva mine behov er.
Kun eg kan kjenne og reflektere mine behov, og kun du kan kjenne og reflektere dine behov.

Likevel har vi eit felles behov for at staten institusjonaliserer ein marknad der vi trygt og effektivt kan
bytte varer, tenester og idéar (for å dekke våre subjektive behov). Det gir derfor meining at ein del
av grunnrenta vert brukt til å tilby grunnleggande infrastruktur som gir kvar av oss tilnærma lik verdi.
Ein kan derimot ikkje leve av at det aleine eksisterer vegar, kraftlinjer og eit rettsvesen. I eit
samfunn med ein moderne markedsøkonomi, der areal og naturressursar allereie er oppdelt og
okkupert, so må ein være i stand til å bytte til seg ei rekke varer og tenester.

Men om nordmenn har lav eller inga inntekt, so gjeld i dag “arbeidslinja”, der ein skal pressast til å
sysle med noko som ikkje nødvendigvis er riktig for ein der og då (og som ikkje nødvendigvis dekker eit
reelt behov i samfunnet utover at syslinga er tinga av staten). Eventuelt gjeld ei “behovsprøving”,
der ein byråkrat - som sjølv mottek meir enn sin brøkdel av statens inntekter - leikar overformyndar
og skal bestemme om du har rett til å forsørge deg eller om du skal gå til grunne.

Å ha lav sosioøkonomisk status er å verte kollektivt undergrava, og ein ender lettare opp med
depresjon, kronisk stress og medfølgande inflammasjon (og eventuelt sjukdomar), og ein har større
sjanse til å ty til rusmisbruk eller kriminalitet. NAV-systemet er gjerne ei ekstra belastning og
brennmerking; “arbeidslinja” og “behovsprøving” medfører økonomisk usikkerhet og kronisk stress.
Dessutan er staten er ein politisk maktkonsentrasjon, og det strider mot idéen om uttrykkingsfrihet at
ein mellommann i staten skal dømme kven som skal kunne følge sitt eige samvit, og kunne dekke sine
reelle, ektefølte behov.

Igjen, kun eg kan kjenne og reflektere mine eigne behov. Om ein politikar/byråkrat skal rå over min
brøkdel av verdien av grunnrenta, so vil desse midlane sløsast vekk på t.d. subsidiar til utenlandske
vindmølleinvestorar, på amerikanske jagarfly som kan bombe i hel mennesker og infrastruktur i Libya,
på eit Munch-museum eg aldri kjem til å besøke, eller på NAV-byråkratar som får det tredobbelte av
sin brøkdel av grunnrenta for å leike overformyndarar.

Frå systemteori veit vi at ein maktkonsentrasjon har tendens til å reflektere sine eigne interesser.
For at min brøkdel av verdien av norsk natur reelt skal tilhøyre meg og komme meg til gode, so må eg
faktisk rå over desse midlane sjølv og kunne reflektere mine eigne behov med dei.

Kva er ein nøktern storleik på ei grunninntekt?
For å innføre ei grunninntekt i dagens system, so må det være rom for det i statsbudsjettet. Over
argumenterte eg for at den årlege brøkdelen av statens inntekter som naturleg (eller forsvarleg)
tilhøyrer alle nordmenn er respektive 240.000 NOK. Eg vil vidare vise at det å direkte overføre
halvparten av dette beløpet (120.000 NOK) til kvar nordmann lar seg gjere utan problem.

Ein må med ein gang gjere merksam på at over halvparten av nordmenn allereie mottar rundt
120.000 NOK eller meir i overføring frå staten gjennom anten alderstrygd, barnetrygd, sosial trygd,
offentleg lønn, eller indirekte gjennom eit privat selskap med statleg eigarskap eller arbeidsgjevar.
Og det er ikkje hensiktsmessig eller rasjonelt å skulle dele ut ei vilkårslaus grunninntekt på toppen av
dagens overføringar – i den grad folk allereie mottar inntekt frå staten so kan denne reduserast
tilsvarande grunninntekta. Ein offentleg ansatt med 520.000 NOK i lønn, vil slik ha 120.000 NOK i
grunninntekt og få lønna reduserast til 420.000 NOK. Ein pensjonist med 320.000 NOK i pensjon vil
få 120.000 NOK utbetalt i form av grunninntekta. Foreldre treng ikkje søke om barnetrygd, fordi
barnet deira vil ha ei grunninntekt. Ein student treng ikkje søke om studielån, fordi han eller ho vil
ha ei grunninntekt. Ein kunstnar, forfattar eller idrettsutøvar treng ikkje søke om eit usikkert stipend,
fordi han eller ho vil ha ei grunninntekt. Ein person utan fast inntekt treng ikkje å audmjukast eller
undergravast med ei usikker «behovsprøving», fordi han eller ho vil ha ei grunninntekt. Uavhengige
journalistar eller gründerar treng ikkje tigge om ei usikker støtte, fordi dei har moglegheit til å leve
nøkternt på ei vilkårslaus grunninntekt.

Dei som i dagens system vil få ei større overføring gjennom ei grunninntekt er dei med lav eller inga
inntekt, eller dei med private lønningar, og dette gjeld mindre enn 2 millionar nordmenn. Dei fleste
av dei kanskje 1,8 millionane med privat lønn må dessutan betale 50% i diverse skattar og avgifter ved
ytterlegare inntekt (alternativt vil private selskap med statleg eigar eller arbeidsgjevar redusere
lønnskostnadar, som indirekte vil spare staten for utgifter). Eg veit ikkje presis kor mange som står
heilt utan nokon form for inntekt i Norge, men har sett estimat på 150.000 menneske. Eg vil derfor
runde av oppover og anta at om lag 200.000 menneske har svært lav eller inga inntekt. Eit enkelt
reknestykke for kva ei universal grunninntekt på 120.000 NOK vil utgjere som utgift på statsbudsjettet
vert derfor:

120.000 NOK x 2 mill. = 240 mrd. NOK (brutto utgift)
240 mrd. NOK – (120.000 NOK x 50% x 1,8 mill.) = 132 mrd. NOK (netto utgift)

I dagens system kan derfor alle nordmenn være sikra ei vilkårslaus grunninntekt frå grunnrenta - som
dei naturleg har rett til - for berre ein brutto ekstra kostnad tilsvarande 10% av verdien av grunnrenta
og forbruksskatten. Ei nøktern og vilkårslaus grunninntekt er altso ikkje ei utopisk løysing, men ei
enkel og gjennomførleg omlegging som gjer at alle (og ikkje berre enkelte) nordmenn sjølve mottar
ein høveleg del av sin brøkdel av verdien av grunnrenta - som dei prinsipielt har krav på.

Mitt personlege krav.
Eg krev å direkte motta 120.000 NOK i grunninntekt i 2021. Dette nøkterne beløpet er (ikkje meir
enn) halvparten av min brøkdel av grunnrenta og forbruksskatten. Eg har i år allereie mottatt 25.161
NOK i overføring frå staten og dette kan trekkast ifrå.

Eg påpeikar at dette ikkje er ein søknad, men eit krav. Om politikarar og byråkratar i Kongeriket
Norge ikkje innfrir dette kravet, so vil det få konsekvensar. Likeverdige nordmenn må på lik linje ha
moglegheit til å dekke sine eigne behov gjennom verdien av grunnrenta, og det er ikkje haldbart at
enkelte i riket fortset å gasse seg med høge overføringar til seg sjølve på bekostning av andre.

Helsing
[thormothr]
ein fri nordmann

3 Likes

En dag skal rettferdigheten seire,
En dag skal vi danse, skal vi feire… :slight_smile:

2 Likes

Oppdatering:


Etter 2,5 måneder har eg fått klart svar frå NAV at dei ikkje kan behandle kravet om ei vilkårslaus grunninntekt internt, fordi dei berre forvaltar ytingar etter folketrygdlova og sosialtjenestelova. Eg har enno ikkje fått svar på om NAV vil vidaresende kravet til Arbeids- og sosialdepartementet.

Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) har det overordnede ansvaret for å utforme en helhetlig politikk for arbeidsmarked, arbeidsliv, levekår, arbeidsrettede ytelser, sosiale stønader og pensjoner. Det har også ansvaret for å koordinere arbeidet for fattigdomsbekjempelse.

Arbeids- og sosialdepartementet – Store norske leksikon

Dette kravet er ein måte for meg å teste organisasjonen Kongeriket Norge. Mitt prinsipielle krav er enkelt:

  • Likeverdige nordmenn eig grunnrenta på lik linje.
  • Statens inntekter frå grunnrenta må tilfalle samtlege for å reelt tilhøyre samtlege.
  • Eg krev å motta minst halvparten av min brøkdel av grunnrenta utan vilkår.

Om ikkje kravet fører fram, so er det aktuelt å saksøke staten for å ikkje fordele statens inntekter til samtlege nordmenn - om eg vinn fram, so må det innførast ei vilkårslaus grunninntekt/minsteinntekt.


Analogi:

5 personar eig 20% aksjar kvar i eit lite vannkraftverk. Vannkraftverket har eit resultat på 1 mill. NOK. Styret i vannkraftverket bestemmer at det kun skal gjevast utbytte til 3 av aksjonærane. 2 av aksjonærane får null i utbytte. Dei forulempa legger inn klage, men får som svar at styret meiner at dei ikkje har behov for utbytte. Styret får støtte for fordelinga frå dei 3 aksjonærane som mottar utbytte.

Utbytte
Aksjonær 1 (20%): 333.333 NOK
Aksjonær 2 (20%): 333.333 NOK
Aksjonær 3 (20%): 333.333 NOK
Aksjonær 4 (20%): 0 NOK
Aksjonær 5 (20%): 0 NOK

Aksjonærar 4 & 5 har her ein juridisk rett til likt utbytte som dei andre, og feilen er så grov at dei truleg berre kan anmelde saka utan å saksøke (?).

Men når det gjelder verdien av norske naturressursar, so eksisterer det ei åndssvak oppfatning blant dei fleste nordmenn at statens inntekter tilhøyrer gruppa “offentleg lønna/trygda og subsidierte selskap”. Det er ein del av mitt opplysningsprosjekt å få fram at “særtilskudd for enkelte” er ei korrupt og urettferdig fordeling av fellesskapets inntekter.