🎁 Open søknad om presang frå kommunen

[Mitt innlegg under vart i dag trykt av lokalavisa mi.]


Open søknad om presang frå kommunen.

Såg tilfeldigvis i YS 12. mai at kommunen sidan 2015 har gitt 200.000 NOK i tilskot for oppføring av bustad. Ei ordning som visst no skal gjelde for nyetablerte i kommunen. “Tilskotsordning for oppføring av bustad“ - det høyrest veldig seriøst ut. Eg vel å kalle det presang. Det var det Besta kalte det når ho ga meg ein konvolutt med pengar då eg var liten.

Den umiddelbare innvendinga mot betinga presangar er spørsmålet om korleis folk skal gjette at dei kvalifiserer til slikt. Men det eg vil fokusere på her er ein langt djupare kritikk. Det eg vil påpeike i denne “søknaden” er at presangar frå stat og kommune er ein uvane utan prinsipielt grunnlag. Nokon vil kanskje tilmed kalle det korrupt, men so voldsomt skal eg ikkje ordlegge meg. Eg nøyer meg med å ikkje kalle det korrupt, men presang.

Greia med utdeling av presangar til enkelte er altso at det ikkje er prinsipielt. Med det meiner eg her at det ikkje er noko overordna rasjonelt i at stat eller kommune begynner å dele ut 200.000 NOK til tilfeldige heldige. Om eg med ein gong skal kalle ein spade for ein spade, so dreier dette seg om synsinga til ein liten gjeng med høvdingkompleks. Skatten er allereie sanka inn hos bøndene, og kan no brukast etter eiga lyst.

Det grunnleggande problemet vil eg seie er konvensjonell tenking - å tenke eller gjere det sånn ein alltid har tenkt eller gjort det. Det kan ofte forsvarast, for å legge seg til vanar kan spare energi, og generelt har det som fungerer ein tendens til å overleve. Men ein kan ogso legge seg til uvanar - umoralske handlingar; handlingar som ikkje fører til noko godt på sikt. Og uvanar trengst det ein god del åndsenergi å endre på! Særleg om det gjeld å endre den gjengse og utbreidde tenkinga til folk. Då trengst det so mykje åndsenergi at eg berre har håp om at ein handfull av dei som les dette innlegget erkjenner kva eg vil fram til - korfor presangar er ein uvane.

La oss ta eit steg tilbake og minnast at vi har vore eit kristent land i tusen år, og at vi har eit kors i nasjonalflagget. Dei kristne grunntankane er bærebjelkar for europeisk sivilisasjon og for det norske samfunnet. Og den mest grunnleggande tanken av dei alle, det er idéen om, og respekten for, menneskets likeverd. Men medan den dømmande makt praktiserer likskap for lova, so er det, etter mitt syn, skremmeleg lite respekt for idéen om menneskets likeverd elles i offentleg forvaltning. Og eg underbygger gjerne dette synet:

For det fyrste innebærer idéen om likeverd at eit menneske har verdi i seg sjølv, at det har verdi i seg sjølv at nokon har det bra, og at det er like viktig at kvar person har det bra. Du kan ikkje seie at det er viktig at eitt menneske har det bra, men uviktig at eit anna menneske har det bra; du skal ikkje dømme på denne måten. Og vidare veit vi godt at menneske, utover heilt grunnleggande behov, har personlege behov. Menneske har ulike interesser, gleder og draumar - kort sagt ulike behov. Derfor kan ikkje eg erklære kva som har verdi for deg, eller du erklære kva som har verdi for meg. So måten ein i praksis respekterer likeverdet, er ved å respektere at andre menneske sjølve uttrykker kva som gjer at dei har det bra.

For det andre innebærer idéen om likeverd innanfor staten at naturressursane tilhøyrer alle nordmenn på lik linje (medan naturressursar i andre land naturleg tilhøyrer andre folk). Brorparten av statens inntekter skriv seg frå verdien av naturressursar (tru meg), og i 2020 var den norske stats inntekter/utgifter omlag 2.000 mrd. NOK. Altso vart det brukt heile 370.000 NOK per innbyggar i landet. Men på kva, og for kven?

For dessverre er dette med å dele ut presangar til seg sjølv og vennar so innarbeidd i stat og kommune, at ein ikkje kan påstå at statens inntekter høyrer til folket anna enn i teorien. Staten er i effekt eit middel for enkelte til å grave til seg høge lønningar og meir sporadiske presangar. Ein kan alltids finne på ei stilling, eit prosjekt, eller eit selskap, med eit inderleg behov for presangar (for ikkje å gløyme dei lukrative stillingane som presangutdelarar).

Når kommunepolitikarar brukar midlar som tilhøyrer alle til å dele ut presangar til enkelte, so set dei seg over Gud og erklærer fyrst kva som har verdi for menneska, og so kven som er dei høgareverdige menneska med høgareverdige behov. I tillegg har dei den arrogante trua på at dei sjølve har dei høgasteverdige meiningane, med retten til å erklære kva dei personlege behova til andre er, og kven som skal mettast. Det er verken rasjonelt eller prinsipielt. Det er umoral som bryt med respekten for likeverdet, som bryt med forståinga av at vi har kvar våre personlege behov, og som viser at kongeriket av i dag ikkje tilhøyrer oss på lik linje.

Eller vi kan jo teste hypotesen: I 2019 var eg nyetablert her, som det heiter på fint. Eg kjøpte ein andel i eit burettslag for 100.000 NOK, og renoverte for oppunder 100.000 NOK. Mykje eigenarbeid. Eg søker hermed om 200.000 NOK i velkomstpresang frå kommunen. Kan overførast til kontonummer 2085 26 88816, med bankmeldinga “vær så god, her er ein tilfeldig presang som vi med dei høgasteverdige meiningane meiner du kan få”.

For i desse miljøtider fortener vel eg ei påskjønning for å leve nøkternt og å ha eit lavt forbruk? Presangar frå kommunen er vel ikkje reservert dei som har råd til å bygge seg hus til 3-4 mill. NOK? Det er vel ikkje slik som med staten og energipolitikk - dersom du bygger ein overflødig vindmøllepark til 1.000 mill. NOK, so kan du få opptil 500 mill. NOK i presang, men om du oppdaterer eit vasskraftverk, so blir du berre skattlagt?

Nei, eg ønsker å tenke at kommunen er til for oss alle, og avventar at min eigen velkomstpresang tikkar inn på konto. Og at kvar likeverdig person i kommunen, alle med kvar sine problem, behov, draumar og lengsler, ogso mottar kvar sin presang.

2 Likes

Haha - spot on. Denne synsinga er det som styrer kommune-Norge. Og hvis noen lurer på hvorfor Bilderbergerbolla & co vil ha mer “kommunalt sjølstyre” og mindre statlig innblanding så er det jo nettopp for at disse husmenna (med høvdingkompleks) kan man få med på hva som helst. Spør Blackrock :wink:

1 Like